Eit trygt rom der du kan setje ord på tankar, kjensler og utfordringar. Samtalen tek utgangspunkt i deg og det du står i, og kan bidra til å skape klarheit, meistring og retning vidare i livet.
For par som ønskjer å forstå kvarandre betre, løyse konfliktar eller styrkje relasjonen. Samtalen gir rom for begge sine perspektiv, og kan bidra til å byggje ei betre og meir open kommunikasjon.
Når fleire i familien treng å snakke saman, kan familiesamtalen vere ein trygg arena for å lufte tankar og kjensler. Her får alle ein stemme, og vi jobbar saman for betre forståing og fellesskap.
Coaching handlar om å frigjere ressursane dine og finne veg mot måla du set deg. Gjennom gode spørsmål og refleksjon får du støtte til å utvikle deg, styrkje sjølvtilliten og oppdage nye moglegheiter.
For arbeidsplassar eller grupper som ønskjer betre samarbeid, kommunikasjon og trivsel. Rettleiinga legg til rette for refleksjon, samhald og utvikling slik at gruppa kan fungere betre saman.
Individuell rettleiing til deg som ønskjer støtte i kvardagen, anten det handlar om jobb, relasjonar eller personlege utfordringar. Vi ser på kva som er viktig for deg, og finn ein veg vidare i ditt tempo.