
Eit viktig stikkord for mi tilnærming i problemløysingsarbeid er fokus på Konteksten, eller samanhengen som problema framtrer i. Det vil seie at relasjonar og interaksjonar med andre som er berørte i problemet står sentralt.
Eg har gjennomført 11 studieturar til Mental Research Institute (MRI), Palo Alto, California i perioden 1997 - 2009, der eg har fordjupa meg i metoden MRI Brief Therapy, gjennom eit nært samarbeid med sentrale fagpersonane bak denne metoden (Dick Fisch, Paul Watzlavick, Karin Schlanger). Eg har og gjennomført to kurs i Ericksoniansk hypnose (Fundamental Intensive and Intermediate Intensive Training in Ericksonian Approaches to Brief Hypnotic Psychotherapy ved The Milton Erickson Foundation, Phoenix, Arizona 2002, 2003), som MRI Brief Therapy er sterkt påverka av. Metoden står sentralt i den systemiske fagtradisjonen, der ein vektlegg brukaren si aktive deltaking og styring både vedrørande eigarskap til problemet som skal fokuserast på, val av løysingar og korleis nå desse.
Stikkord for metoden: “kunden har alltid rett”, ikkje fokus på diagnosar og patologi, men på handlingsretta, konkret problemløysing -”gjer meir av det som verkar, og mindre av det som ikkje virkar,” løysingsforsøka opprettheld problemet (jfr. Jeppe drikk fordi Nille slår, Nille slår fordi Jeppe drikk).
Eg vart utdanna sosionom i 1983. Deretter fullførte eg administrasjons- og leiarutdanning i 1986 og 1991. I 1990 vart eg godkjend som rettleiar gjennom Norsk Sosionomforbund, og i 1994 vart eg klinisk sosionom i familieterapi. I 2010 tok eg master i meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda, og sidan 2014 har eg hatt kompetanse som førstelektor i sosialt arbeid.
Eg har arbeidserfaring frå psykiatrien, kommunal helse- og sosialteneste og frå familievernet, der eg har vore i over 20 år. I tillegg har eg undervist i sosialt arbeid på høgskule i om lag 10 år. Eg har meir enn 20 års leiarerfaring frå kommunal verksemd, familievern og høgskule. Sidan 1990 har eg også arbeidd med fagleg rettleiing, med om lag 1000 timar retta mot enkeltpersonar, faggrupper og studentgrupper innan sosialfagleg arbeid, psykiatri, familieterapi, barnevern og vidareutdanning.
Eg har delteke og halde innlegg på fleire internasjonale konferansar. I 2001 hadde eg ein workshop på den europeiske kongressen i familieterapi i Budapest med temaet “MRI Brief Therapy & Metaphoric Reflection”. Året etter, i 2002, deltok eg på On the Shoulders of Giants ved Mental Research Institute i California. I 2007 heldt eg eit plenumsinnlegg om “The use of metaphoric reflection in systemic therapy” under den 3. europeiske konferansen for korttids strategisk og systemisk terapi i Arezzo, Italia.
I 2009 deltok eg på MRI 50th Anniversary Conference i San Francisco, der eg både sat i panel og hadde plenumsinnlegg om “Using Metaphorical Reflection in Brief Therapy”. I 2010 bidrog eg på American Association of Marriage and Family Therapy Conference i Atlanta, Georgia, og i 2013 var eg deltakar på International Family Therapy Association 21st Family Therapy Congress i Orlando, Florida.
Eg har gjennom åra bidrege med fleire skriftlege arbeid og publikasjonar. I 2003 gav eg ut “Der og då – og her – og – no”, som bygde på samtalar med John Weakland, Paul Watzlawick, Dick Fisch, Karin Schlanger og Wendel Ray om Mental Research Institute og MRI-korttidsterapi. I 2007 skreiv eg saman med Olav Eikenæs boka “Metaforisk refleksjon. Bruk av metaforteljingar i systemisk problemløysingsarbeid med individ og par”, utgitt på Metaforlaget i Volda. To år seinare, i 2009, publiserte eg artikkelen “Jeppe på Bjerget sett med MRI-briller” i tidsskriftet Fokus på Familien.
I 2010 fullførte eg masteroppgåva “Brukarmedverknad – kvalitetsutvikling eller kvalitetskontroll? Ei kvalitativ undersøking vedr. brukarmedverknad i familievernet” ved Høgskulen i Volda. Same året bidrog eg også i artikkelen “Vil internett-basert tilbakemelding fremme progresjon i par- og familieterapi? Erfaringer med empiri-informert terapi” i Tidsskrift for Norsk Psykologforening.
Seinare har eg vore medforfattar på fleire fagartiklar, mellom anna “Implementering av tilbakemelding i par- og familieterapi: Barrierer og utfordringar” i Fokus på Familien (2015), og “Den gode tverrprofesjonelle samarbeidaren” i Tidsskrift for psykisk helsearbeid (2019). I 2020 publiserte eg òg refleksjonar frå ein systemisk kafé med Wendel Ray i Metaforum – Norsk forening for Familieterapi.